mandag 1. mars 2010

5

Northug tok Gull på 5-mila i går! Bjørgen tok 5 medaljar under OL. Det er 5 skuledagar i ei veke. I morgon har vi 5 ulike fag på skulen. Om 5 veker (og ein dag) byrjar vi på att etter påskeferien. Vi må ha 5 store prøver før den tid. Vi er 5 syskjen.

Eg trur talet 5 er magisk. Det er noko med det. Eller kanskje er det berre tilfeldigheita som rår.
Uannsett så er det 5 gongar ni dagar sidan me skreiv på bloggen vår sist. Det blir så alt for skjeldent.

No skin sola ute. Slik ho har gjort dei siste månadane. Vi har mykje snøv òg, og eg skimtar ein blå himmel. Livet er eigentleg veldig bra. Vinterferien er over, noko som eigentleg er heilt flott. Hadde nokk blitt lei om eg skulle gå heime alle dagar, heile året. Nei! Takk og pris for gratis skulegong. Me i Noreg veit ikkje kor heldige me er, som får gå på skule. Men det me veit, det er korleis me skal vere utakknemlige! Det kan vi.

Nei, hoff! No blei eg negativ, men ein må faktisk vere det og av og til. Eg frys på føttene mine. For andre gong i dag. Dessutan er eg lei av å sitje på data. No skal eg slappe av. Sove kanksje?