onsdag 1. september 2010

Hurra :)

Sumaren er over. No er vi attende på den harde skulebenken. Eller skulebenk er det vel ikkje eigentleg. Meir ein hard rullestol. No sit vi i historietimen til Trygve. Den amerikanse revolusjonen er temaet. Trur eg. Det er eigentleg veldig interessant. Berre ikkje akurat no. Snart skal vi ha religion, det er faktisk veldig kjekt, og interessant. Vi har foresten veldig fantastiske timeplanar. Dei er heilt like, med unntak om Hanna sin tysktime på onsdagar kl 1500.

Mykje har hendt sidan sist. Så kvar skal ein byrje. Fyrst av alt, så har vi fullført 2. klasse og no går vi i 3. klasse. Vi er altså russ. Ein meget underleg tanke. Elles så har vi denne sumaren gifta vekk vår kjære Cecilie til Arve. Det var veldig kjekt! I tillegg har vi og gifta vekk Elisabeth til Vidar. Vi tok også turen til Kristiansund på jentetur! Anbefalast! Vi var òg på Bluegraskonsert på Sandane med "Martin & co" og "Nothin' Fancy". Hærleg! Det vart også i år arrangert Traktortreff i bygda vår, som vi må seie var særs vellukka. Elles så har vi jo i år arrangert ein vellukka Dalsfjordleir og den var fantastisk kjekk!

Nei, no må vi fylgje med

Konføderasjon vs. Føderasjon.

Hurra! :)