mandag 17. august 2009
Fortsetelse av: Kva treng ein kokkar til?
No hadde me bytta plass. Hanna med dorg og Sigrid med årar. korleis skal dette gå? Sjølvsagt ville Hanna prøve lykka med dorg, so ho kasta uti, og Sigrid rodde seg fint midt inn i ein makrellstim. Det var like før Hanna datt over ripa, men ho klarte seg fint. ho måtte leite fram mannamusklane sine å fekk dragt tre enorme makrella på heile 8toma. ÅNEI, kva skal me gjera med dei? Hjelp kan dei ikkje ligge iro då. Men neida, dei hoppa, daska og tolla seg inn i alle krokane, stakkars fiska. so me måtte bestemme oss, skal me drepe dei, eller skal me drepe dei? vi bestemte oss for å drepe dei! Me forta oss på land å fant ein sløv kniv, og skar opp fiskane.
...Bileta talar for seg...
torsdag 13. august 2009
Kva treng ein kokkar til?
Torsdag 6. august var ein vakker augustkveld. Denne helt vanlege torsdagskvelden i august byrja slik; Martin, Øystein og Marie, også kjent som øggardsungane, bestemte seg for å være sosiale med Hanna og Sigrid, også kjent som oss. Me tok turen inn på vårt kjære, men lite fine forsamlingshus, der me sette oss på reiene og diskuterte hengepuppa, noko Martin tykte var ufatteleg kjeisamt. Etter ein lang time med prat og morosame diskusjonar blei øggardsungane lei av puppeprat. Hanna og Sigrid braut då opp og rusla utover mot Hamna(Havna). Me skulle egentleg lage smootie, men etter å ha jaga inn dei fjorten lause hønene som gjekk rundt der nede, tenkte me:
Båten ligg i havna,
der har den leie lenge,
så har begynt å savna,
oss med fiskestenge.
~oss~
~oss~
Difor tykte me at det var av det rette slag at me gav båten den etterlengta båtturen. Utan redsel og fule av eventyrlyst, hoppa me ned i båten. Hanna rodde ut or hamna, medan Sigrid starta motoren. Så, brått, stoppa me motoren, og dorga blei slept ut. Hanna rodde vidare, medan Sigrid satt og duppa med duppedeisen, også kalt dorg. Så hendte de, Sigrid drog opp alt snøret, og brått stakk eit enormt udyre opp over ripa på båten. Ein fisk! Nærmare bestemt ein lyr på seks-toms størrelse. Denne ville me ikkje drepa, så me rodde langt, og lengre en langt, heile vegen ut til vår kjære Jan-Øystein, som var ute å fiska. Då me rodde innover mot hamna att, hendte det som ikkje skulle skje.....
...fortsettels følger...
tirsdag 4. august 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)