torsdag 13. august 2009

Kva treng ein kokkar til?

Torsdag 6. august var ein vakker augustkveld. Denne helt vanlege torsdagskvelden i august byrja slik; Martin, Øystein og Marie, også kjent som øggardsungane, bestemte seg for å være sosiale med Hanna og Sigrid, også kjent som oss. Me tok turen inn på vårt kjære, men lite fine forsamlingshus, der me sette oss på reiene og diskuterte hengepuppa, noko Martin tykte var ufatteleg kjeisamt. Etter ein lang time med prat og morosame diskusjonar blei øggardsungane lei av puppeprat. Hanna og Sigrid braut då opp og rusla utover mot Hamna(Havna). Me skulle egentleg lage smootie, men etter å ha jaga inn dei fjorten lause hønene som gjekk rundt der nede, tenkte me:
Båten ligg i havna,
der har den leie lenge,
så har begynt å savna,
oss med fiskestenge.
~oss~
Difor tykte me at det var av det rette slag at me gav båten den etterlengta båtturen. Utan redsel og fule av eventyrlyst, hoppa me ned i båten. Hanna rodde ut or hamna, medan Sigrid starta motoren. Så, brått, stoppa me motoren, og dorga blei slept ut. Hanna rodde vidare, medan Sigrid satt og duppa med duppedeisen, også kalt dorg. Så hendte de, Sigrid drog opp alt snøret, og brått stakk eit enormt udyre opp over ripa på båten. Ein fisk! Nærmare bestemt ein lyr på seks-toms størrelse. Denne ville me ikkje drepa, så me rodde langt, og lengre en langt, heile vegen ut til vår kjære Jan-Øystein, som var ute å fiska. Då me rodde innover mot hamna att, hendte det som ikkje skulle skje.....
...fortsettels følger...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar