torsdag 26. november 2009

Bursdagsbrev til Hanna<3

HIPP HIPP HURRA!!=)
Idag er den store dagen, Hanna he bursdag og he blitt heile 17år!=)
Håpe du he hatt en veldig fin dag, og so må eg sei at:
Hanna du er min beste venn, og du e Fantastisk, og som du he skreve før, når vi ikkje klare å beskrive noken/noke på en anna måte enn Fantastisk, So må den/det være Fantastisk!=)
Du betyr veldig mykje for meg. Viss eg trenge deg er du der, du he alltid vore der for meg. Å det er eg veldig takknemelig for.
Å som eg sikkert he sagt til deg Tusen gonga før: Sigrid e SUPER DUPER MEGA ULTRA VELDIG KJEMPE GLAD I DEG HANNA!!<3 :)
<3
VERDENSSTØRSTE BURSDAGSKLEM TIL MIN BESTESTE BESTEVENN!!=)

mandag 16. november 2009

Ja, då er me klare for ei ny helg, men korleis var eigentleg den forge helga? Jau, den var jo egentlig ganske bra. men den fekk en anna vending enn planlagt.(for Sigrid sin del)



På fredag vakna vi til vanleg tid, altså klokka 6. neda i veien gjekk det som vanlig, vasking av ansikt og tenner, smøring av niste, vips klar for skule. medan ova i veien gjekk det litt treigare enn vanleg, med tungt haud og varmt ansikt, bestemte Sigrid seg for å vere heime, sidan den berømte svinefluen herja landet desse dagar.



medan Hanna var på skule og hadde Norsk, fysikk, Kjemi og Historie, var Sigrid heime, sov og pakka til helga, sidan det alt har gått 2månedar sidan KRASP, var det på tide med ei ny KRASP helg!!=)




viss enn lika å synge og føle for å bruke fredagskveldanen sine på det, teke enn seg ein tur på korøving, fordi DAKRUKO vårt berømte kor, har fortida sin berømte Adventsfest å lage til! HURRA, det blir gøy!:)


Ho Hanna tok turen på korøving, medan Sigrid tok beina fatt og satte seg på bussen frå Volda til Rjåneset.

Sigrid: Etter å ha komt fram til Rjåneset fekk eg mange klemma, veldig koselig, og så seinare på kvelden halde eg andakt, der eg fortalte om mormora mi, den mest fantastisk dama!

utpå kvelden var alle ute å leika gjemsel, eller ka d heite:) medan eg satt inn å var låk i haude".

Krasp er rett og slett fantastisk, og det var difor Sigrid, med sorg i hjartet, vede nasa heimover. Sidan ho måtte vente i Volda, kjøpte ho seg ti filmar, og tru det eller ei, 5 av desse(pluss at ho såg en to gangar) såg ho på laurdags kveld og søndag!

På søndagen brukte Hanna tida anleis. Ho spelte på bedehus Cafê på Sætre. Ho på kontrabass, Jan-Øystein på mandolin, Per-Erling på vokal og Ove på gitar.
Etter på såg Hanna, Sigrid og Elin filmen, He is the girl, og åt vegitarianerpizza.

Helga var rett og slett, bra!








fredag 13. november 2009

Fredag den 13.

I dag er det fredag den 13. Sigrid er sjuk. Kanskje er ho sjuk fordi det er fredag den 13. Eigentleg veldig rart dette her med fredag den 13. Kvifor skal eigentleg den bringe ulykke? 13 er jo eigentleg eit veldig fint tal. Men nok om det. Eg, also Hanna, var på kyrkjekonsert i går. Med musikklinja. dei var rett og slett fantastiske! Å so traff eg og Elin Adrian og Jonas. Kjekt! Og så var vår alles kjære Guro der. Ei av dei mest fantastiske jentene i verda! Og ikkje nokk med det. Hallvard var der og. Og det var kjempe koseleg å sjå han att. Og så fekk eg mange klemmar med andre fantastiske folk. Er du klar over kor mange fantastiske folk som finst i verda? Det kryr av dei jo! Og det er berre hærleg. Så i går etter konserten gjekk eg berre rundt og smilte. For smiler eg til livet, så smiler det attende. Det har i alle fall eg erfart. Skrivast erfart slik eigentleg? erfart. ærfart. ärfart. hmmm?

tirsdag 10. november 2009

~ Dagen til Hanna, 10.november 2009 ~

Å byrje dagen med to timar handball, seier litt. Jo, rett og slett at dagen har vore fantastisk. Sjølv om eg hadde matteprøve i to timar, blei den bra. Ikkje for det, matteprøva gjekk eigentleg heilt greitt, og eg var ikkje nervøs eller noko, men ei prøve er ei prøve. I matfriminuttet testa eg og Birger ut ulike måtar å bevege seg på med stolane nede i kjellaren. Ja, me slite litt, men det var gøy! Så hadde me muffinselevøving i fysikk. Me testa ut luftmotstanden når me slepte muffinsformer. Sært, men interessant. I ordentimen traff eg Elisabeth. Hurra! Er heldigvis feridg me elevsamtala, ikkje det at det er noko gale med elevsamtale, men det betyr at eg har fri i ordenstimane framover. Herlig! Så avslutta me dagen med tysk. Fekk at tyskprøva, og er veldig førnøgd. Resten av timen såg me Good bye, Lenin. Har sett den før, men hugsar ikkje så mykje av den. Dessutan, ein ting er å sjå ein film, ein annan ting er å verkeleg sjå ein film. Me må verkeleg sjå ei film med Budde. Så var klokka ti over to, og me er ferdige på skulen. Då møtte eg Elisabeth igjen, og sneik meg inn på yrkesmessa i iddrettsbygget. Har aldri sett så dårlege standar, eller yrkesmesse sjenerelt. Men Vestborg var der. Og Ole-Martin! Hurra. Har ikkje sett han på eit år, så det var kjekt! Og Sven var der. Med svele til meg i år. Nam. Så gjekk eg og Elisabeth ned på nedre og kidnappa Einar i noken sekund. Fekk ein klem der og eg, før eg tusla ned på Bunnpris og kjøpte kylling og sweet chilli saus til middagen min og mamma. Fergeturen heimatt, snakkar me ikkje om. Men kan sei det så kort at Sigrid og Kim Andre er veldig travle!
Vel heime var Svanhild på besøk, og me har det jo alltid kjekt i lag. Eg fylgde ho oppatt, og helste på vesle Elise. Etterpå banka eg sofaputer. Trur nesten eg fekk gnagesår. Så fekk eg rekne litt mattematikk, og då er jo dagen fullkomen. I tillegg fekk eg tenke litt fysikk, før Per Erling og Jan Øystein kom klokka åtte. Me spelte i lag. Jan Øystein på mandolin, eg på kontrabass, Per Erling på vokal og pappa på gitar. Herlig! Skal opptre på søndag, så då for eg håpe det går bra. Elles sit eg no i go'stolen i stova. Klokka er snart halv elve, og dataen har snart tomt batteri. Kanskje eg og dataen avslutte for kvelden?

mandag 9. november 2009

Mandags snakket!

Ja no er det ei ny veke. er ferdi med 1time norsk, 2tima Bading, 1fritime 2tima med Fysikk og no er det berre 1time igjen med Kjemi. Hurra!

Elev: Kan du fortelle kva du skrive om?
Worren: Ja! kva sa du?

Worren: Har du eit godt eksempel på ein Eksoterm reaksjon?
Elev: Nei, eg veit ikkje.
Worren: Jo det veit du!
Elev: Kan ikkje du hjelpe mej då?
Worren: Joda, brenning av hydroatom
Elev(ironisk): Ja, akkurat det ej tenkte på
Worren: *fornøgd, ingen reaksjon*

ikkje kilo joule men Worren: kilo gjole

Joda, kan sei det enkelt at me fe trimme magemusklane i timane!

torsdag 5. november 2009

Dette skjer idag...+ litt tilbakeblikk og framoverblikk!;)

Kva er det som skjer idag? jo altså, idag he me to tima med Norsk der me skal skrive om Ludvig Holberg og Jeppe på Bjerget, sidan me skal ha Foredrag om nokre veke.
Så skal me ha to tima med Tysk-prøve, det er ikkje akkurat noko med gler oss til, men sann er det vel med alle prøver.
Etter dei fire timane skal Hanna ha ei normal matpause og i midttimen skal ho på skulelaget. medan Sigrid teke turen bort på Volda Sjukehus til ein undersøkelse.
Når midttimen er ferdig teke me turen ned i Hallen og har ein time med Gym, så er det oppatt til mattetimen som er den siste timen for dagen.
Når me kjem heimatt vert det mest sannsynlig lekse lesing og rydding, men seinare skal me på damebading, å prøve ut dei nye deilige badedraktene våra.
Igår var me i uti dalsfjord Kyrkje og fant ut korleis me skal gjer det i helga. I helga er det Lysvaken med 11åringane frå Dalsfjord sokn. Det blir kjempe koselig og litt skummelt, sidan me skal overnatte i Kyrkja, men det skal nok gå bra:)
Så når me kom heimatt gjekk me ein fire kilometer lang romatisk måneskinstur, det var skikkelig Koselig, sidan me ikkje har gått tur på mange veke.
men no må me vel byrje på foredraga våre.=)
som dokke ser he me egentlig ganske mykje å gle oss til=)

tirsdag 3. november 2009

Nyhender!

Nyhender frå Aksnes: Onkel O/Pappa og Bestemor er oppe på Vikna, Tante K/Mamma tok med seg oss to og Peter på Kinarestaurant i dag, Onkel M/Pappa har snart fått seg båt, og Runhild og Jan Øystein har fått seg ei jente! :-) Hurra! Elise skal ho heite, ette oldemora! So kjekt!

foresten er Sigrid ein utruleg dyktig frisør! Og Hanna er alles frisørars drøm!

mandag 2. november 2009

....

Klokka er 1622. Mandag 2. november. Sigrid har halvtårsdag. Eit halvt år til lappen! Ho skal klippe Hanna i dag :s