fredag 13. november 2009

Fredag den 13.

I dag er det fredag den 13. Sigrid er sjuk. Kanskje er ho sjuk fordi det er fredag den 13. Eigentleg veldig rart dette her med fredag den 13. Kvifor skal eigentleg den bringe ulykke? 13 er jo eigentleg eit veldig fint tal. Men nok om det. Eg, also Hanna, var på kyrkjekonsert i går. Med musikklinja. dei var rett og slett fantastiske! Å so traff eg og Elin Adrian og Jonas. Kjekt! Og så var vår alles kjære Guro der. Ei av dei mest fantastiske jentene i verda! Og ikkje nokk med det. Hallvard var der og. Og det var kjempe koseleg å sjå han att. Og så fekk eg mange klemmar med andre fantastiske folk. Er du klar over kor mange fantastiske folk som finst i verda? Det kryr av dei jo! Og det er berre hærleg. Så i går etter konserten gjekk eg berre rundt og smilte. For smiler eg til livet, så smiler det attende. Det har i alle fall eg erfart. Skrivast erfart slik eigentleg? erfart. ærfart. ärfart. hmmm?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar