
Ja, då er Adventsfesten 2009 over. Tenk at det var siste gongen me held Adventsfest på Dalfjord skule slik den ser ut no. Det er rart å tenkje på. Og til de som lurte, så gjekk festen veldig bra. Stemmninga var god, og me trur folk koste seg. Kjekt. Men du veit kanskje ikkje kvifor Adventsfesten betyr så mykje for oss du, forutan om at det er kjempe artig å lage den til, og å synge og slik, men det har seg slik at når Adventsfesten er over er tida komen for mandarin sesongen. Hurra. Me åt vore fyrste mandariner i helga. Heilt hærleg. No er klokka 1417 på søndag ettermiddag. Me er trøytte og sletne, men i morga har me fysikk tentamen, så me må berre stå på. Håper alle har hatt ei fin helg. Det nærmar seg jul. Berre 18 dagar att. Det bles ute. Sterk vind.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar