mandag 8. november 2010

Mandag 8.november

Dette er eigentleg ganske flaut! me har ikkje skrive noko på fleire veke.. men men, sann skjer vel.. Idag har vår kjære firmenning Iselin Løvik bursdag. Hurra for ho! me er veldig glad i deg!=)
Eller so har Hannamor vore i Tyskland ei heil veke, medan Sigrid har vore flink å tatt kjemi- og matematikkprøva. for å sei det sann, so har det vore ei tung veke uten kvarandre, men me har overlevt og er klar for neste år, når Hanna tek turen til Uganda og Sigrid tek bussen til Stavanger.

I dag er det snøv ute, det er eigentleg frykteleg koselig! + at det er meget glatt på vegane. og ikkje nok med det, Hanna er i Ålesund på by kjøring! men Hanna er so flink, så dette skal gå bra.. (Y)
Idag hadde me Hoppetau i gym, det var tungt, men kjempe kjekt.:)
seinare idag har Eg meldt på Hanna på Jubileumskonsert på Rokken,, Hehe, vonar ho ikkje vert sint!

Ellers har me det stortsett berre bra, men det er blitt litt mykje jobbing i dei siste veke.
Om det er noko nytt sidan sist me skreiv? Sigrid Har begynt på jegerprøvekurs, medan Hanna har begynt på lappen. Hurra! :) Kjæmpe Kjækt! :D
Eller så har me hvert så uforsiktig at me begge har fått oss kjærast. Hurra!

men no lyt eg følge med på kva Trygve skriv på tavla! :)

onsdag 1. september 2010

Hurra :)

Sumaren er over. No er vi attende på den harde skulebenken. Eller skulebenk er det vel ikkje eigentleg. Meir ein hard rullestol. No sit vi i historietimen til Trygve. Den amerikanse revolusjonen er temaet. Trur eg. Det er eigentleg veldig interessant. Berre ikkje akurat no. Snart skal vi ha religion, det er faktisk veldig kjekt, og interessant. Vi har foresten veldig fantastiske timeplanar. Dei er heilt like, med unntak om Hanna sin tysktime på onsdagar kl 1500.

Mykje har hendt sidan sist. Så kvar skal ein byrje. Fyrst av alt, så har vi fullført 2. klasse og no går vi i 3. klasse. Vi er altså russ. Ein meget underleg tanke. Elles så har vi denne sumaren gifta vekk vår kjære Cecilie til Arve. Det var veldig kjekt! I tillegg har vi og gifta vekk Elisabeth til Vidar. Vi tok også turen til Kristiansund på jentetur! Anbefalast! Vi var òg på Bluegraskonsert på Sandane med "Martin & co" og "Nothin' Fancy". Hærleg! Det vart også i år arrangert Traktortreff i bygda vår, som vi må seie var særs vellukka. Elles så har vi jo i år arrangert ein vellukka Dalsfjordleir og den var fantastisk kjekk!

Nei, no må vi fylgje med

Konføderasjon vs. Føderasjon.

Hurra! :)

lørdag 22. mai 2010

Snart sumar!

Joda, no har det gått nesten tre månadar sidan sist vi skriev. Oioioi! Det kjedelegaste som finst er jo å kome inn på ein uoppdattert blogg, og no har denne blitt en slik. Jaja. No er vi ferdige med tentamenane, og har fått vete at vi er komne opp i tysk eksamen. Den vert den 4. juni. Det var rett og slett hærleg! Vi gled oss til å vere ferdige!

Dagane no for tida går særdels bra! Vi har ingenting å gjere på skulen, utan om å spele Phase 10 Hurra det er kjekt! No er det Pinse. Sigrid har vore på jobb i dag, og Hanna har, utanom om å sove i fire timar, hogd ved. Onkel John kom på besøk i dag, og no sit pappa Ove og han og snakkar om ei fele. Dei er jo litt sjønne då.

Det er snart sumar no!

mandag 1. mars 2010

5

Northug tok Gull på 5-mila i går! Bjørgen tok 5 medaljar under OL. Det er 5 skuledagar i ei veke. I morgon har vi 5 ulike fag på skulen. Om 5 veker (og ein dag) byrjar vi på att etter påskeferien. Vi må ha 5 store prøver før den tid. Vi er 5 syskjen.

Eg trur talet 5 er magisk. Det er noko med det. Eller kanskje er det berre tilfeldigheita som rår.
Uannsett så er det 5 gongar ni dagar sidan me skreiv på bloggen vår sist. Det blir så alt for skjeldent.

No skin sola ute. Slik ho har gjort dei siste månadane. Vi har mykje snøv òg, og eg skimtar ein blå himmel. Livet er eigentleg veldig bra. Vinterferien er over, noko som eigentleg er heilt flott. Hadde nokk blitt lei om eg skulle gå heime alle dagar, heile året. Nei! Takk og pris for gratis skulegong. Me i Noreg veit ikkje kor heldige me er, som får gå på skule. Men det me veit, det er korleis me skal vere utakknemlige! Det kan vi.

Nei, hoff! No blei eg negativ, men ein må faktisk vere det og av og til. Eg frys på føttene mine. For andre gong i dag. Dessutan er eg lei av å sitje på data. No skal eg slappe av. Sove kanksje?

fredag 15. januar 2010

Med ein blå sko


Eg vil kjøpe meg blå sko. Små vakre blå sko. Har du nokon gong høyrt "Ein blå sko", med Olav Stedje? Den må du høyre. Det er ein deilig song. Men tilbake til blå sko. Det er eigentleg veldig fint. Trur eg skal prøve å finne meg nokon. Det hadde våre tøft. Blå fin-sko, som ein kan bruke i somar. Å springe på nyslegne markar med somar kjole og blå sko. Livet kan ikkje ha blitt betre. Så neste gong du ser meg, har eg kanskje blå sko?

torsdag 14. januar 2010

1700-talet.
idag har me snakka om Johan Herman Wessel (1742-85), han var forfattaren som skjilde seg ut på 1700-talet, istaden for å vere ein alvoleg diktar, brukte han ein del humor. Helt ærlig var han litt sær. sidan det blir litt lite å skrive at han var sær, er det kanskje litt lurt at dokke kan få lese nokre av Gravskriftene og Epigrammane hans.

Kierlighed og Smørrebrød.
At Smørrebrød er ikke mad,
Og Kierlighed er ikke had,
Det er for tiden hvad jeg veed
Om Smørrebrød og Kierlighed

Over Brygger Walt.
lV
Her ligger Walt,
Han Gjorde Malt,
Og det var Alt.

onsdag 6. januar 2010

Godt Nytt år folkens!

Godt Nyttår!!:)

Ja no er det lenge sidan vi har skrivt på bloggen. Altfor lenge eigentleg. Men ingen kan tvinge oss til å sitje inne i jula å skrive bolgg. God jul foresten, til alle me ikkje he sagt det til. Jaja, jula den var deileg den. Slik som den alltid er. Med juletred, og mat, og greier. Me to song foresten på Dale 4. dag jul. Gjekk jo ok det. Men men. Så reiste Hanna til Vikna, og besøkte Kristin, Paul Martin, David og Edel-Sofie, og alle dei andre fantastiske trønderane som var der. Der feira ho nyttårsafta og måtte ete lutafisk (!), noko som overaskande nokk falt i god jord. Mandagen reiste ho ned att. Reisa byrja kl 7 om morgonen, og ho var framme på Aksnes kl 2400 om kvelden! 17 timar! (Deretter 6 timar søvn før skule!). Sigrid derimot var heime nyttårsafta. Eller det vil seie at alle var samla. Bestemor, Pappaane, Mammaane, Sykjena, Ungar, ja heile Aksnesgjengen. I alt 20 personar.

Så kom kvardagen att, og skulen byrja. Sigrid måtte klare seg heilt aleine ein heil dag utan Hanna. Korleis det gjekk, kan ein ikkje vete, men ho overlevde. Veka fortsatte. Tirsdag var me på Jessy Dixon øving. Han er ein av verdas mest kjendte gospelsongarar, og han kjem til Dalsfjord (av alle plassa!) 9. februar. RÅ KULT! Me skal synge at med han, noko me ôg gjorde i 8. klasse. Torsdag var me uti gymsalen og hoppa høgde. Haha! Me fann ikkje stanga til å legge over då, so me batt over eit tau. Det kunne difor oppstå farlege situasjonar når me datt opp på tauet! Fredag stakk Sigrid heim, medan Hanna var på Krik. Fantastisk.

No er det laurdag. Hanna har vore ute å leika seg at med Svanhild og Johannes. Sigrid har ikkje svart på meldinga. Ho er sikkert varm og god inne.