onsdag 6. januar 2010

Godt Nytt år folkens!

Godt Nyttår!!:)

Ja no er det lenge sidan vi har skrivt på bloggen. Altfor lenge eigentleg. Men ingen kan tvinge oss til å sitje inne i jula å skrive bolgg. God jul foresten, til alle me ikkje he sagt det til. Jaja, jula den var deileg den. Slik som den alltid er. Med juletred, og mat, og greier. Me to song foresten på Dale 4. dag jul. Gjekk jo ok det. Men men. Så reiste Hanna til Vikna, og besøkte Kristin, Paul Martin, David og Edel-Sofie, og alle dei andre fantastiske trønderane som var der. Der feira ho nyttårsafta og måtte ete lutafisk (!), noko som overaskande nokk falt i god jord. Mandagen reiste ho ned att. Reisa byrja kl 7 om morgonen, og ho var framme på Aksnes kl 2400 om kvelden! 17 timar! (Deretter 6 timar søvn før skule!). Sigrid derimot var heime nyttårsafta. Eller det vil seie at alle var samla. Bestemor, Pappaane, Mammaane, Sykjena, Ungar, ja heile Aksnesgjengen. I alt 20 personar.

Så kom kvardagen att, og skulen byrja. Sigrid måtte klare seg heilt aleine ein heil dag utan Hanna. Korleis det gjekk, kan ein ikkje vete, men ho overlevde. Veka fortsatte. Tirsdag var me på Jessy Dixon øving. Han er ein av verdas mest kjendte gospelsongarar, og han kjem til Dalsfjord (av alle plassa!) 9. februar. RÅ KULT! Me skal synge at med han, noko me ôg gjorde i 8. klasse. Torsdag var me uti gymsalen og hoppa høgde. Haha! Me fann ikkje stanga til å legge over då, so me batt over eit tau. Det kunne difor oppstå farlege situasjonar når me datt opp på tauet! Fredag stakk Sigrid heim, medan Hanna var på Krik. Fantastisk.

No er det laurdag. Hanna har vore ute å leika seg at med Svanhild og Johannes. Sigrid har ikkje svart på meldinga. Ho er sikkert varm og god inne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar