Here comes the sun, here comes the sun, and I say: It's allright..
Det er ein deileg song, ein ordentleg glad song! Men i desse dagar passar det ikkje å skrive desse orda. Når snøven ligg langt ned i fjella og det er veldig kaldt ute, er desse enkle orda berre ein draum. For nå tikkar tida sakte mot vinter og kaldare tider, men me må alltid huske på slik som det står i sangteksten :
Men ikke gråt om det er vinter og det snør
Det kommer sommer etter den som alltid før,
Jeg vet at det er vondt når den du elsker snur og går
men husk at snøen bare gjemmer på en vår.
Sjølv om det er kaldt og vått ute i vinter, har me mykje å gle oss til. Me skal både til Oslo på Gatiher konsert, ha Adventsfest, feire jul og nyttår, Skiweekend og mykje meir. Rettare sagt går me ei flott tid i møte. Allereide i morgon brakar det laust med konfirmantleir på Nesholmen i Hyen. Det skal bli så fantastisk! For er det noko som er fantastisk, så er det konfirmantleir, og konfirmantar! På mandag er me ferdige, og er nok veldig utrangla. Så då kan me kanskje få sove ut i nokon dagar, for me på nytt skal på nye leirar siste helga i haustferien.
Så no er det vinter, men vinter er ei flott årstid, og me har mykje å gle oss til. Kanskje mest av alt kalde kveldar med ein god kopp kakao.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar