tirsdag 10. november 2009

~ Dagen til Hanna, 10.november 2009 ~

Å byrje dagen med to timar handball, seier litt. Jo, rett og slett at dagen har vore fantastisk. Sjølv om eg hadde matteprøve i to timar, blei den bra. Ikkje for det, matteprøva gjekk eigentleg heilt greitt, og eg var ikkje nervøs eller noko, men ei prøve er ei prøve. I matfriminuttet testa eg og Birger ut ulike måtar å bevege seg på med stolane nede i kjellaren. Ja, me slite litt, men det var gøy! Så hadde me muffinselevøving i fysikk. Me testa ut luftmotstanden når me slepte muffinsformer. Sært, men interessant. I ordentimen traff eg Elisabeth. Hurra! Er heldigvis feridg me elevsamtala, ikkje det at det er noko gale med elevsamtale, men det betyr at eg har fri i ordenstimane framover. Herlig! Så avslutta me dagen med tysk. Fekk at tyskprøva, og er veldig førnøgd. Resten av timen såg me Good bye, Lenin. Har sett den før, men hugsar ikkje så mykje av den. Dessutan, ein ting er å sjå ein film, ein annan ting er å verkeleg sjå ein film. Me må verkeleg sjå ei film med Budde. Så var klokka ti over to, og me er ferdige på skulen. Då møtte eg Elisabeth igjen, og sneik meg inn på yrkesmessa i iddrettsbygget. Har aldri sett så dårlege standar, eller yrkesmesse sjenerelt. Men Vestborg var der. Og Ole-Martin! Hurra. Har ikkje sett han på eit år, så det var kjekt! Og Sven var der. Med svele til meg i år. Nam. Så gjekk eg og Elisabeth ned på nedre og kidnappa Einar i noken sekund. Fekk ein klem der og eg, før eg tusla ned på Bunnpris og kjøpte kylling og sweet chilli saus til middagen min og mamma. Fergeturen heimatt, snakkar me ikkje om. Men kan sei det så kort at Sigrid og Kim Andre er veldig travle!
Vel heime var Svanhild på besøk, og me har det jo alltid kjekt i lag. Eg fylgde ho oppatt, og helste på vesle Elise. Etterpå banka eg sofaputer. Trur nesten eg fekk gnagesår. Så fekk eg rekne litt mattematikk, og då er jo dagen fullkomen. I tillegg fekk eg tenke litt fysikk, før Per Erling og Jan Øystein kom klokka åtte. Me spelte i lag. Jan Øystein på mandolin, eg på kontrabass, Per Erling på vokal og pappa på gitar. Herlig! Skal opptre på søndag, så då for eg håpe det går bra. Elles sit eg no i go'stolen i stova. Klokka er snart halv elve, og dataen har snart tomt batteri. Kanskje eg og dataen avslutte for kvelden?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar