fredag 12. juni 2009

Kva betyr noko her i livet?

Dagen i dag, har vore ein tung dag. Det var dagen for å ta farvel med vår kjære mormor. Vi har jo alltid vist at denne dagen måtte komme, men vi skulle gjerne sett at den ikkje kom på lenge. Det å ta farvel med ein person som ein er så glad i, er tungt. Ufatteleg tungt. Ein veit at ein aldri får sjå personen at, og veit heller ikkje kvar personen er. Kva gjer han eller ho? Har han/ho det bra? Har han eller ho fått møtt att gamle kjende?

Dagen i dag har fått oss til å tenkje; Kva betyr noko her i livet? Kva er vitsen med å ha mange pengar på jorda, eller eit flott hus, når ein etterkvart forsvinn? Er det pengane og rikdom som betyr noko? Mormor hadde alltid eit så godt hjarte. Ho var alltid interssert i kva vi gjorde og om vi hadde det bra. Ho tok så godt vare på familia si, og vener og naboar. Er det ikkje dette som er viktig? At vi tek vare på kvarandre, og visar oppmerksomheit til andre?

Vi kan vere så rike vi vil av gods og gull, men det betyr så lite i den store samanhengen! For mange unge er pengar og popularitet så utruleg viktig, men kva hjelp det vist ingen hugsar deg når du går bort?

Mormor var ein person med ei stor kjærleik og ei stor interesse for alle andre menneskjer, og vi
vil aldri gløyme ho! <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar