Dei siste dagane he mangelen på søvn blitt stor! Natt til mandag var søvnen vekk, både fordi ein Valtra kjøyrde utanfor huset til Hanna, og Frikk som var på besøk med Sigrid.
(Frikk er foresten ein katt)
Så det var natta til mandag.
På mandag var me på fjellet at me klassa, gjekk faktisk heilt opp på Blåfelden. Det var ein ufatteleg lang tur! I over fem timar gjekk me, og kom oss ikkje nedatt til hytta før klokka var halv to! Så grilla me og kosa oss, før me la oss i lyngen og sov. Eller sov og sov. Under to timar.
Så var klokka halv seks, og me kjøyrde nedatt til Syvde. Der venta me på ein buss i førti minutt.
Så kom me heim. Og fekk sove litt. Sann to-tre timar. Turen gjekk vidare til Ulsteinvik, der me vasa rundt i nesten tre timar, kjøpte oss vårrulla(som ikkje var så veldig gode) og møtte Anders.
Anders skyssa oss ôg ut til Kjelsund, der me var på leiarsamling.
Då me skulle heimatt, kjøyrte Hildegunn oss. Men då me kom til Eiksundtunnelen, måtte me vente på Ledebil, ergo: me mista ferga. Litt sann kjedeleg.
Siste ferga gjekk ti på halv tolv, og me var heime klokka tolv. Då var det rett i seng, i seks timar. Noko som viser seg å vere litt lite, men natta i dag, skal bli lang!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar